Velkommen til Dragon Legal Anywhere

Dragon Legal Anywhere gjer at du kan opprette tekst via taleattkjenning i alle appar du kan skrive i. I mange appar blir teksten skriven direkte inn i appen, i andre blir teksten skriven inn i dikteringsboksen i Dragon Legal Anywhere, og deretter overfører du han til appen.

Du kan styre Dragon Legal Anywhere ved hjelp av brukargrensesnittet, tastaturet, stemma eller knappane på mikrofonen. Beskrivingane i denne hjelpa er basert på standardinnstillingane Dragon Legal Anywhere blir levert med. Dersom du vil endre korleis du styrer han, bruker du dialogboksen Alternativ.

Arbeide raskt

Bruk autotekstar for å setje inn standardblokker med tekst. Dette gjer at du slepp å skrive inn det same heile tida. Du kan vise ei liste over tilgjengelege autotekstar ved å seie kva kan eg seie og rulle til delen Autotekstar.

Bruk stemma i staden for tastaturet eller musa til å utføre oppgåver. Mange av handlingane i Dragon Legal Anywhere kan startast via ein talekommando. Du kan vise ei liste over tilgjengelege talekommandoar ved å seie kva kan eg seie.

Kva vil du gjere?

Opprette tekst i ein app

Forankre talefokuset til appen

Opprette tekst i dikteringsboksen

Arbeide med autotekstar

Arbeide med talekommandoar

Bruke funksjonen med vekkjeord

Endre innstillingane

Oppgradere, avinstallere eller reparere Dragon Legal Anywhere

Feilsøking